- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
355

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Biblioteksundervisningen på lærerskolene

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

krav. Bibliotekaren møter same vansken som dei fleste lærarane
møter i sitt serlege fag: tida vert for snau. Men no merkar ein
snart at arbeidsmåten i den 4-årige skulen i stor mon fremdar
eleven sitt vet på bibliotek- og bibliotekstell.

I den 4-årige skulen vert eleven meir enn før vist til
hjelpebøker og handbøker. Han kjenner seg heime millom reolane,
bøkene vert hans daglege umgang. Han har ikkje alltid tid og
skal heller ikkje ha tid til å lesa heile fagbøkene. Men han får
øving i å finna ut det og det kapitel i fagbok eller tidsskrift,
det og det emne som han skal arbeida med i dei ymse fag. Han
går til biblioteket med det klåre fyremål å auka si innsikt i
faglitteraturen. Det står for meg som at denne plaseringa av
biblioteket midt i skulelivet fyller ut den teoretiske
bibliotekkunna på rette måten. Eleven får vyrdnad for boksamlinga
meddi han ser kva samlinga skal tena til. Han ser kor
naudsynleg det er å ha bokhylla i god orden, og han ser at
biblioteket er eit viktig indre organ i skulelivet.

Jamvel um bokstell ikkje har so mange læretimar etter planen,
meiner eg difor at boksaka likevel står godt i lærarskulen.»

Fra Nesna off. lærarskule skriver skolens bibliotekar,
overlærer Langset:

«Oplæringa i bibliotekstell her ved skulen blir gjeven i
samsvar med reglementet, men like vel såleis at ein har funne det
naturleg å ta til med eit stutt utsyn over biblioteksoga. Dinæst
nyttar ein nokre timar til å vise korleis både folke- og
skuleboksamlingane er skipa. Ein legg serleg vekt på at elevane
skal lære sitt eige skulebibliotek å kjenne og lære å nytta og
handsame det rett. Ein freistar også trygde seg at elevane får
god kjennskap til korleis ein skipar skuleboksamlingar og skaffar
seg stønad til dei. Endeleg legg ein vekt på å setja elevane
istand til å gjera vituge bokutval og til å forstå og nytte dei
ymse utlånsystem. Men storparten av tida ein har til teoretisk
oplæring i 1. og 2. klasse, blir då like vel nytta til katalogisering
og klassifikasjon.

3. og 4. skuleåret er elevane partivis med på vanleg
biblioteksarbeid i boksamlinga og leseromet. Men her vilde det vere
greidt om reglementet sa frå kor store parti ein skal ha, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0369.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free