- Project Runeberg -  Bondestudentar /
9

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_9

ut, meinte han, og dessutan leitte dette Arbeidet so
mykje meir paa Helsa. Aa staa paa Laaven ein
Dag, det var ingen Ting mot aa læra ei Leksa i eit
framandt Maal f. Eks.; — Læraren sagde dette med
Sjølvkjensla, av di det var aalkjennt, at han eingong
hadde gjenget hjaa Kapellanen og leset Tysk.

Denne Utgreidingi var som sagt Daniel til stor
Trøj-st. Han kunde altso godt tenkja paa aa verta
baade Skuleineistar og Prest for den Skuld; Djevelen
fekk ikkje meir Magt med han for det; tvertimot —
naturlegvis.

No forstod Daniel dette um Arbeidet. Det var
Arbeidet med Henderne, som var paalagt til Straff;
for det gav Tvang og Trældom og Armod; men
Stormannsarbeidet, som var fint og høgt og gav Æra
og Vinning og gode Dagar, var’ikkje paalagt til Straff.
Og daa han so sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyra
att det Salmeverset um, at »Gud giver sine baade
Klæder og Føde, naar de monne sødelig so-ove«, so
forstod han med ein Gong, at det var Prestarne og
dei høge, som Gud heldt serskilt for »sine«, og som
han gav Mat og Klæde, medan dei laag og sov.
Dette var den største og vidaste Tanken, Daniel endaa
hadde havt, og han fekk etter den Dag eit sterkt
Ynskje um, at han ikkje vilde verta ein av desse
Syndararne, som Gud maatte aga med Trældom og
Slit, men at han vilde verta ein av Guds »eigne«,
som las Bibelen i Grunnteksten og sat reine og fine i
ei varm Stova og aat Herremannskost og drakk Vin.
%— Og iallfall vilde han verta Skulemeistar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free