- Project Runeberg -  Bondestudentar /
28

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

rundt ikring seg i kvar Haug og i kvar Li, so vilde
det aldri gløyma burt, kva Aand var. Daniel torde
ikkje segja nokot um dette til nokon, utan til Judith;
men naar han vart vaksen og Student, so vilde han
gjera ei Bok, som skulde vera so god, at ho skulde
lokka Folk til aa tru paa Huldri. —

— Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde
ikkje Kapellanen drygja lenger med Tysken. Men
den vilde han helder ikkje taka paa den aandlause
Latinskulemaaten. Latinskulen var i det heile eit
syrgjelegt Hol, leet han um. Det var ikkje ein Skule
for Ungdom; det var ein Skule for Kaldklokskap og
Aandsfiendskap. Difor saag me daa og, dessverre, at
so mange av vaare Embættsmenn var paa
Matstrævar-sida i den store Aandsstriden. Dette forstod ikkje
Daniel. At lærde og rike Folk kunde vera
Mat-strævarar, hadde han aldri tenkt seg. Men naar
Kapellanen sagde det, maatte det vera sannt. Han
hadde nok enno likat det best, um Kapellanen hadde
gjort som dei gjorde paa Latinskulen; for det var
altid tryggast aa fara Kongevegen, og han var slett
ikkje so rædd for aa læra Leksur; men naar alt kom
ihop, fekk han nok vera glad til, at Kapellanen tok
det paa sin eigen Maate.

Men med Tysken tok Presten det so, at dei ikkje
skulde lesa Grammatikk her helder. Dei slog upp
i Leseboki med ein Gong og gav seg til aa lesa;
Grammatikken skulde koma etterkvart. Fyrst
las-Kapellanen upp og umsette, so gjorde Daniel det same
etter. Og det gjekk. Hugsad ikkje Daniel Ordi, so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free