- Project Runeberg -  Bondestudentar /
37

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Klokkaren; so naar alt vart ihoplagt, og dertil den
Maten, som Daniel maatte hava, men som han ikkje
gjorde Lika fyre, so vart det Pengar av likevæl.
Ole Johannes hadde somen i det siste Aaret laant
ikkje so faae Pengar, lagde ho sutrande til. Daniel
kjende seg som djupt nede i ei Myr. Berre
Matrekningar, berre Mat-Tankar, Smaaskap, Armodsdom
heilt igjenom. Skulde dei no tilmed rekna den vesle
Maten, som han kunde eta upp —! Han gjekk ut;
han maatte liksom have Luft etter dette.

Men sidan torde han ikkje annat enn vera snild
Gut; han lempad seg etter Husens Skikk og gjekk
Far sin under Augo so fint han kunde. Ole Johannes
smaamylte med seg og totte dette stod godt til. Det
hev du godt av, Far min! tenkte han; det er ikkje
verdt, du vert Storkar fyre Tidi. — Men Daniel
likad ille paa Leiken. Han var mest hatig paa denne
aandlause Moldtrælen, denne gamle Bonden, som ikkje
kunde forstaa det Slag av det, som var høgt og stort
og ædelt paa Jordi. Og alt i eit gjekk han og sullad
paa Bjørnsons klassiske Lengtingsvers i »Arne«:

»Ud vil jeg, ud, o, saa langt, langt, langt
                over de høie Fjelde!
Her er saa knugende tærende, trangt,
og mit Mod er saa ungt og rankt!« —


Men naar Bror hans, han Lins, høyrde slikt, so
sagde den aandlause Slampen, at »Hr. Daniel« kunde
vera glad, dersom han aldri fekk det verre enn heime.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free