- Project Runeberg -  Bondestudentar /
48

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Ja; Moldtrælen vilde gjenia hava sin Son fram
til Prest.

Han talad fleire Gonger med Kandidaten um
Daniel, og Kandidaten gav han godt Mod. »Guten
hev eit lett Huvud«, sagde han, »6g greider seg
utrulegt. Men paa Skule maa han. Dette her vert
berre upp i Tufs, som du ser, og han vert aldri
ferdig. — Kor langt han kan naa? — Haa. — Nokon
Vitenskapsmann vert han ikkje; men han kann verta
ein god Embættsmann;—just ein god Embættsmann.
ein, som er lett i Taumen, ein . . . slik som dei vil
hava han. Send han paa Fabrikken, Ole Johannes U

Daa Ole Johannes fekk vita, kva »Fabrikken«
var, likad han denne Raadi ikkje so ille. Men daa
han talad um dette til Maren, sagde ho plent nei.
Styra den unge Guten aaleine heilt til Kristiania, der
han kunde koma ut for baade Frimaurar og annat
st}’gt, det fekk dei aldri henne med paa. Skulde han
nokon Stad, so kunde dei senda han paa Latinskulen
inn i Byen; men hellest kunde han vera heime no som
fyrr, og gaa hjaa den nye Kapellanen, naar han kom.

Den nye Kapellanen kom. Det var ein liten
raudbleik Kar med ljost Haar og raudt Skjegg; det
fyrste han gjorde var aa gjera seg kjend med dei
vakte. Daa Ole Johannes talad med han um Daniel,
svarad han snøgt, at han ’skulde skriva til Rektor
ved Latinskulen og faa alle naudsynlege Upplysningar;
sjølv var han rædd han fekk so mykje aa gjera i
Menigheiti, at han ikkje fekk Stunder til
Privatundervisning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free