- Project Runeberg -  Bondestudentar /
53

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

__53_

ikkje kunde f a-a vera i Fred? Men dette gjorde
vondt verre. Daa dei forstod, at han tok seg nær
av det, skreik dei endaa meir og hadde endaa meir
Moro. Daniel hadde tenkt, at det skulde vera staut
og hyggjelegt aa vera saman med so godt Folks
Søner; men han hadde aldri havt det so vondt. Han
kjende seg reint ynkeleg framand og aaleine, og det
var som han stakk seg paa Naaler og Netlur, kor
han snudde seg.

Det var endeleg ein Gut, som nok hadde vondt
av han, og som ein Dag under fire Augo raadde han
til aa gaa inn til Rektor og faa umbrigt Namnet sitt.
Naar han heitte Daniel Olsen, kunde han skriva seg
inn som »Olsen«, so vart det slutt med dette
»Sur-brød«-skraalet. Daniel svarad, at dersom det gjekk
an, so vilde han gjerna gjera det; men det var so
leidt aa gaa inn til Rektor aaleine. »Ja, synest du
det, so skal eg vera med deg«, sagde den andre
aal-vorlegt. Dei gjekk, og Daniel fekk sin Vilje fram.
Heretter skulde han med Gud og Retten heita Daniel
Olsen. Men fra a den Dagen var Daniel og Kristian
Bliland Venner. Og Venskapen vart so mykje sterkare,
fordi dei paa ein Maate var Bondegutar baae tvo; for
Kristian var Son av ein Klokkar inn i Fjellbygderne.

Det hjelpte svært dette: aa faa ein Kjenning.
Og daa dei andre saag, at Daniel ikkje lenger var
aaleine, men stod under Varetekt av Kristian Bliland,
vart ikkje dei helder so vonde med han. For
Kristian Bliland var ein vyrd Gut i Klassen, av di han
var flink — og sterk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free