- Project Runeberg -  Bondestudentar /
54

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

Men Daniel kunde aldri lika seg rett paa Skulen,
og heime hadde han altid so mykje aa gjera.
Istad-enfor aa gaa og spenna paa Gata, som han hadde
drøymt um, maatte han sitja inne paa det tronge
Kotet sitt hjaa Hans Nerstad og lesa, og han hadde
ikkje so mykje som ein Sofa aa kvila seg paa,
dessmeir. Ein gamall Trestol med fire Føter attmed eit
gamalt skralt Kjøkenbord, det var heile Stasen, og
paa Veggen hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang
Nos og stirde med sure Augo mot Døri; for han
hadde set betre Dagar og likad seg ikkje her,
og det gjorde ikkje Daniel helder. Men det som
verre var: han totte ikkje sjølve Byen var so gild
som han hadde tenkt. Det var i Haustbløyta; og
Regnet var likso surt og Søyla likso blaut her som
heime. Dei kvite Husi stod skitne og gaarutte av
Kolrøyk og Væta og var ikkje det Grand himmelske
aa sjaa paa. Ikkje eingong Paradiset ved Innferdi
tok seg ut i den graae Haustdagen.

Ein annan Ting var det og, som Daniel var
leid for, og det var, at Byklædi hans ikkje var som
dei skulde vera. Naar han kom i Lag med dei andre
Gutarne, saag han sjølv, at han var Bondetamp.
Seint og vrangt gjekk det med aa skifta Maal og.
Men det kom seg visst av, at han budde hjaa Hans
Nerstad. Hans Nerstad var nemleg fraa same
Bygdelaget som Daniel, og var i Grunnen Bonde enno, og
ho Rebekka, Kona hans, like eins, so Daniel
skjemdest for aa snakka fint, so dei høyrde det. Hellest
hadde han det i Grunnen godt her. Maten fekk han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free