- Project Runeberg -  Bondestudentar /
58

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

og ofta gjorde til Narr av dei ordførande Overlabanar
i denne Grønkaal-Klassen.

»Til i Dag hev eg ikkje leset det minste Grand!«
skreik dei i Munnen paa kvarandre, naar dei kom paa
Skulen um Morgonen. Og so trættad dei um, kven
som hadde leset minst. Men naar dei kom upp,
klarad dei seg for det meste like væl, og Daniel vart
baade forundrad og modlaus yver dette; for slikt
kunde ikkje han gjera. —

Der var i heile denne Flokken eit stort og djupt
Hat baade til Skulen og til dei fleste av Lærararne.
Skulen var Fengslet, og Lærararne var Sluttarar elder
Fangefutar. Mest hatad dei kanskje Rektor, som daa
og var ein god Grinefant. Deretter kom Religions
-læraren, ein gamall uppturkad Rasjonalist, som sat og
tøvde allstødt um dei tri store Vismennerne Moses,
Jesus og Sokrates, og som dei ikkje brydde seg det
Grand um, og so Historielæraren, som dreiv paa med
»Oversigtstabeller« og gav Gutarne historiske
Slengjenamn; sjølv vart han heitande »Robert Djevelen.«
Daniel totte i det heile ikkje, at Lærararne her var
som han hadde tenkt seg. Mange av dei saag ut til
aa ikkje bry seg stort meir um Kunnskapen enn
Gutarne, og det, dei visst tenkte mest paa, var aa faa
Timarne til aa gaa. Dei byrj ad seint, og sluttad so
snart det gjekk an. Dei hadde sjeldan annat aa
fortelja Gutarne enn det, som stod i Bøkerne. Og jamt
var dei i Ulag. Det var ikkje ofta, at ein Time
gjekk av utan Gryl og Skjend. Some hadde sine
visse Syndebukkar, som dei kvar Dag hadde uppe og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free