- Project Runeberg -  Bondestudentar /
62

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

vilde Læraren sjaa det paa han strakst. Derimot
hende det ikkje so sjeldan, at han fekk Hans
Nerstad til aa skriva Sjukesetel for seg, naar han hadde
altfor stor Uhug til aa arbeida.

Istadenfor aa lesa sat han daa gjerna heime og
drøymde um Inga, som han vilde skriva Friarbrev
til, so snart han vart Student. Og so gjorde han
Vers um sin store Elskhug. Det var eit strævalt
Arbeid aa gjera Vers, totte Daniel; men det var
so hyggjelegt aa arbeida med nokot, som vedkom
» Henne «. —

Heile Skulen var som leid av seg i denne Tidi;
Gutarne forsømde, Lærararne stundom med.
Lek-surne, dei fekk, var so smaae, at dei kom ingen Veg,
og endaa maatte dei Gong paa Gong taka dei upp
att, fordi ingen lærde dei. Det gjekk so seigt og
vrangt og tungt som Vals gjenom ein Rugaaker.

Fraa Januar var der komet inn tvo nye Gutar
i Klassen, den eine ein Lensmannsson, Ole Bentsen,
den andre, Peter Didriksen^ Son av ein Høker paa
Neset. Med desse prøvde Klassen ei Stund aa hava
litt Moro; men det vart ikkje nokot av. Dei visste
aa klara seg, desse tvo. Godt heldt dei ihop, og
kloke var dei. Ole Bentsen var tagall og likeglad
som ein Sælhund, so honom beit ingenting paa, og
Peter Didriksen — som hellest vart heitande Peter
Dirk —, visste aa svara for seg so snøgt og
smaalen-tugt, at ingen i Klassen var god for aa maalbinda
han. Daniel og Kristian prøvde ei Stund aa halda
Lag med desse tvo Kararne, fordi dei paa ein Maate

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free