- Project Runeberg -  Bondestudentar /
84

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

var rædd dei skulde taka det ifraa han att. Men
dei, som ikkje hadde nokot, tagde og liksom gjø}rmde
seg, elder dei gjekk fram og orsakad seg og sagde,
at dei skulde betala i Morgo.

Av dei, som orsakad seg, fordi dei ikkje hadde
Pengar, var det ein, som Daniel lagde Merke til, av
di han for svar ad seg so godt. Det var Olai Bruvik.
Han fortalde ei Soga, som var so rimeleg, at det
kunde godt henda ho var uppdiktad; men som han
der stod, so høfleg og gruirnskikkeleg, trygg paa aa
gr eida seg, med eit ærlegt, opet Andlit og klaare
usvikelege Augo, myrke, blide, fulle av Bøn, — so
maatte ein taka hans Ord for gode, anten so ein
trudde dei elder ikkje.

Daniel kjende, at han misunnte Fyren denne
store Gaava til aa greida seg. Men um Gammeln
tenkte han, at dersom alt Folk kunde taka
Penge-spursmaalet som han tok det, berre med Leik og
Skjemt som paa eit Teater, so vilde Verdi langtifraa
vera so vond aa liva i som ho var. —

No læste Gammeln Døri upp att. Latintimen
skulde byrja.

Make til Latintimar hadde Daniel aldri i sine
Dagar set elder drøymt. Kvar Time var som ein
Fest av Aand og Vit, av Skjemt og Gjøn og
utrulege Paafund. Sjølve Grammatikken vart livande
under Gammelns Hender, livande som Barneleik og
Eventyr; og dei latinske Skribentårne, som Daniel
hadde havt so laak ei Tru til, vart større enn alt
stort, iser Horats og Livius.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free