- Project Runeberg -  Bondestudentar /
90

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

uvisste, at— oh! oh! oh! — at — oh! oh! oh! oh!—;«
men no kunde han ikkje meir; Hosten tok Magti.

Lars sette seg, og skjemdest visst og, so godt
han kunde.

Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men
daa dei kom nokot lenger ned — der stod: ni&i,
quanta vi civitates eam (libertatem) expetunt, tanta
regna veges defendant —, daa stod han fast, fordi
han tok tanta til regna. Daa bar det uppatt med
Gammeln, og til aa stabba burtetter Golvet og jamra
seg. »Høyr, min snilde Halvor Mosebø! Dersom du
gjekk paa ein Veg, og møtte, fyrst ei fin Dame, so
ein Student, og so ein Gris, og so du strakst etter
fann ein fin Silkeparasol liggjande i Vegen, vilde du
so gaa med Parasollen til Grisen og segja: undskyld,
høistærede, Di har visst tapt Deres Parasol? — Nei,
Halvor! det vilde du ikkje! Du vilde fly avstad,
tildess du raakad den unge Dama, og so vilde du
bukka, Halvor, og gjera deg lækker, og segja: om
Forladelse, min Frøken; men Di har visst tapt Deres
Parasol. Ikkje sannt, Halvor Mosebø— Jau; det
kunde væl henda seg det. — »Ja, men det gjer du
ikkje her, Halvor! Du gjeng til Grisen med
Parasollen, Halvor! Du tek tanta til regna, fordi regna
stend nærmast! Det maa du ikkje gjera, Halvor
Mosebø! Tanta høyrer til der langt framme, ser
du! Tanta vi, quanta vi, Halvor Mosebø!« — Ja,
no forstod Halvor det. — »Ja kjære, hugsa no paa det
daaU jamrad Gamineln; Klassen sat og lo pg tenkte
med seg, at slikt var det nok ikkje lett aa gløyma.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free