- Project Runeberg -  Bondestudentar /
99

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99

og det stundom paa verre Vilkaar. Ein sagde dei
livde for seks Dalar Maanaden, ein annan meinte dei
livde av ingenting; ikkje so faae hadde Arbeid ved
Sida av Lesningi, so det var utrulegt, at dei kunde
halda det ut. Daniel kjende, at han kunde ikkje
hava det slik; — men samstundes hadde han ein
Vyrdnad for desse Arbeidsmenn, som mest vart til
Ovund.

Fleirtalet av dei Bondegutame, som her gjekk,
var Folk, som laante seg fram; andre var hjelpte i
Veg av gode Folk. Berre ein og annan, som Aslak
Fjordan elder Simon Husmo — Simon Husmor, som
Ortvedt sagde — hadde Pengar sjølve, elder hadde,
som Jens Rud, ein rik Far til aa hjelpa seg. Men
some av dei, som livde av annafc Folks Hjelp, hadde
eit mindre godt Ord paa seg; snart var dei veike,
karakterlause Vimringar, som leet seg stempla og
binda i baade Vilje og Tanke av dei, som dei tok
Hjelp av, og snart kunde dei vera Skarvar reint ut,
som gjekk til Prestar og snilde Folk og slog Mynt,
laug som Hestehandlarar, og brukad Pengarne upp
til Rangel og Visvas. Slik ein Kar hadde f. Eks.
den Rødberg voret, sagde Ortvedt.

Dei, som hjelpte seg sjølve, skulde i Grunnen
vera best farne. Men med dei var der det, at dei
vart so gamle, og tidt helseslitne, fyrr dei naadde
fram. —

Var Haugum Førar for dei folkelege, so kunde
ein endaa meir segja, at Jens Rud var Førar for dei
radikale. Daniel trudde lengje, at Jens Rud var ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free