- Project Runeberg -  Bondestudentar /
112

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei sjølve var glade og grøne, — so grøne, at dei
gledde seg til aa verta vaksne, gledde seg i aa segja
sin grønaste Ungdom Farvæl. —

Salen var fyllt. Enno gjekk det ein og annan
Seinkom ingen og trødde ikring millom Frakkeskaut
og Føter for aa finna seg eit Sæte; men dei fleste
var komne til Ro, ved Bordi elder paa Bordi, og
der sat dei no og ven tad paa Festen, snakkad, ropad
til kvarandre, huad, lo, jamtad som Kattar, gøydde
som Hundar, og skreik etter Puns; og heile det
tett-sette Golvet var i ein Baaregang av haarfagre Hovud
og unge, runde Aksler, som du vad upp og ned som
Skogtoppar i Storm.

Seks hundrad Styvlar og tolv hundrad Stolebein
stampande paa eit Golv, seks hundrad Hender
trom-mande paa hundrad Bord, tri hundrad glade, frie
Halsar haukande, larjande, snakkande, gøyande, og
so ender og daa gjenom alt dette det veldige,
taktfaste Koret: »en! to! tre! Pu — ns!« — »en! to! tre!
Pu — — ns!« — det gav ein Konsert, so heile
Bygningen ljomad.

Men der var Ungdom i dette Staakefc, so at
endaa dei suraste Skulemeistrarne tinte upp og lo,
og dei gamle høgvise Professorame sat og smilte so
sælt og blidt, som dei skulde ha misst heile sin
Visdom.

Daniel var som drukken av all denne Gleda.
Han sat i ein einaste Laatt. Kor ein snudde seg,
var der Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle
Skulame hadde samlat seg her, og kvar kunde sitt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free