- Project Runeberg -  Bondestudentar /
119

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

119_

at lian ikkje eingong brydde seg um sine
Penge-sorger.

Den einaste Kjensla, som livde i lians Barm,
var Kjærleik til alle paa Jordi, og serleg til dei, han
var saman med her i Kveld, men alra mest, alra
mest til Inga, som han snart skulde skriva Friarbrev
til — det stakk so underleg i Bringa, naar han
tenkte paa det —, og som han drakk Skaal etter
Skaal for i Løyndom. Berta Maria vilde han ikkje
tenkja paa i Kveld; i Kveld var han Russ, og som
Russ vilde han berre tenkja paa Idealet.

Aa, so takksam han kjende seg mot Vaarherre,
som av si Miskunn hadde hjelpt han fram, so at han
no — han, Bondeguten fraa Sørbraut i Nes Sokn —
fekk smaka denne høge Gleda og vera med, um det
so berre var for denne eine ’Kvelden, i det ideale
Studenterliv! Det var sannt, at Visdomsrøterne var
sure; men Frukterne var søte etter Maaten, søtare
enn han i Grunnen hadde visst. —

Paa Talarstolen stod der no ein ny Mann, ein
gamall, fredeleg Herre aa sjaa til, med graakvite
Haarduskar uppyver ein halvsnaud Skolt, og med
eit Par underlege Horngluggar til Augo.
»Professor Darre!« kviskrad Hans Ifaugum. »Professor
Darre! — Professor Darre!« kviskrad det fraa Øyra
til Øyra i Salen, og ut paa Verandaen, og langt
ned i Hagen, og dei kom laupande med Punseglasi i
Neven og Augo i Haargarden og ropad Bravo! Bravo!
og heile Salen ropad Bravo, men meir rolegt, liksom
naar Skuleguter ropar Viv at rector.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free