- Project Runeberg -  Bondestudentar /
122

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122_

bruka eit slikt Ord; her galdt det, frigjord fraa all
Vildring i det mangfelde og sundskilde, aa søkja det
evige, det i seg sjølv vesentlege og sanne. I dette
høge Livet, i denne aandelege Presteskapen, var det,
at mine unge Herrar no skulde koma inn; — men
dei kom ikkje tomhendte, um so var; — dei hadde
sin — Ungdom.

Professoren utviklad, kor merkjeleg væl lagad
for Ide-Livet just Ungdomen var med sin sterke
ideale Hug og sin Sans for det store og aalmenne.
Naar den sunne Ungdomen kom inn i det ideale
Aandsliv, var det paa den eine Sida han, som fann
seg sjølv; men paa den andre Sida var det Aanden,
som fann honom, elder fann seg sjølv i honom.

— Dei som stod ved Dørerne, tok til so smaatt
aa draga seg ut att, og dei, som inne sat, stakk paa
Punsen. Det viste seg, at dette vilde verta ei lang
Leksa.

Daniel høyrde paa med djup Andakt. Dessverre
forstod han det ikkje heilt ut; men det fann han no
i Grunnen rimelegt, og det gjorde ikkje stort helder;
for han kjende paa seg, at Professoren hadde Rett.

Det um det høge Aandslivet kjende han att fraa
Kapellan Hirsch, berre det her var so mykje djupare
og lærdare; og at det vanlege Kvardagsliv var nokot
Skrap, det visste han fraa gamalt. —

Det, som kom sist, var best, og daa fekk
Professoren Jubelrop fraa sjølve Hundarne.

Det var reint galet, sagde Professoren, naar dei
unge Studentarne trudde, at det galt um aa lesa so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free