- Project Runeberg -  Bondestudentar /
123

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

123_

svært mykje i dei Par fyrste Aari. Det var ikkje
Meiningi det. Arbeidet, det kom tidsnok. Det tunge
og tankekløyvande Stræv med dei tusund einskilde
Ting, som skulde lærast, for at det heile kunde
forma seg fram klaart og articiileret, det høvde meir
for ein litt eldre Alder, daa ein hadde meir Kraft til
aa dukka under i det einskilde og like væl halda
fast paa det aalmenne. — Ikkje for det: den eldre
Alderen i desse Tider gløymde tidt nok det aalmenne,
den med, dukkad so djupt i det einskilde, at han
bleiv der. Ja sjølve Vitenskapen heldt no um Dagen
paa aa bliva i dette Djupet. Det var just ei Tid
no, daa altslags Ser-vitenskap gjorde seg breid og
vilde gløyma sin Samanheng med det aalmenne;
Professoren bad sine unge Venner agta seg væl for
aa koma uti dette. All Faglærdom var i seg sjølv
daud og aandlaus. Det var ikkje Kunnskapar um ditt
og um datt, som gjorde ein Mann til Vitenskapsmann;
det, som det galdt um, var Synet paa det heile,
Upp-fatningi av dei store, aalmenne Grunnar, av den store,
aalmenne Samanheng (Bravo!). Men no trudde
Professoren, at ein av Grunnarne til, at dei studerande
so lett vilde gløyma seg burt i den aandlause
Fag-lærdomen, var just den, at Studentarne ikkje i dei
fyrste Aari visste aa bruka Tidi si rett, men kastad
seg yver Fagstrævet strakst og trudde det galdt aa
stuva i seg so mykje Kunnskap som mogeleg. Men
det skulde dei nettupp ikkje gjera. I dei fyrste
Aari skulde dei taka det i Mak (Bravo! Bravo!) og
leggja meir Lag paa aa liva eit sunnt og idealt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free