- Project Runeberg -  Bondestudentar /
129

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

129_

vart han livande att med ein Gong, flaug upp, kjende
seg litt lett i Føterne kanskje, men arbeidde seg fram
mot Talarstolen, so snøgt han kunde. Han vilde
sjaa og høyra denne norske Villmannen, som der
gjekk so mykje Snakk um, og som skreiv so flirande
og ravgalet paa sitt ravgalne Maal.

Nokso stillt og godslegt, men med rare,
blinks-ande Augnekast, tok Dølen til aa fortelja, at det
var forunderlegt i Grunnen, at tvo-tri hundrad Gutar
i Tjugeaarsalderen kunde sitja saman ein heil Kveld
og drikka Puns og hava det hyggjelegt, og so ikkje
halda so mykje som ein Tale eingong for det, som
unge Gutar jamt var so galne etter, nemleg Kvinna
(Hurra! Hurra! Jubel). Daniel kjende ein liten heit
Styng i Brystet og tenkte paa Inga; men Berta Maria
vilde og fram, og det var i Grunnen so leidt aa visa
henne ifraa seg. — Men, sagde Dølen, og vart
sterkare i Maal et, naar dei unge Ungkararne ikkje gjorde
si Plikt, so fekk dei gamle taka i; for Gud hjelpe
oss alle, um Kvinna vart oss ublid! Og so vilde no
han freista paa aa ofra eit litet Røykoffer for den
strenge, men likevæl so inderleg snilde Gudinna, elder
Gydja, som der, heitte paa Norsk, og det vilde han
gjera for oss alle her, liksom dei katolske Prestarne
drakk for alle sine Sokneborns Synder, og daa vonad
han, at ingen av alle desse Gutarne her skulde koma
ut for annat enn godt og blidt ifraa Kvinna. Dei
sagde nok, at ho var den veike, og Mannen den
sterke; og det stod tilmed skrivet, at Kvinna var eit
skrøpelegt Kar; men — Skam far i det! — ho var

Garborg: Bondestudentar. 9

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free