- Project Runeberg -  Bondestudentar /
132

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132_

hadde gløymt det han fyrr sagde um, at Tankens
Menn burde vera Sveinkallar; for Enden vart, at
Tankens Mann just burde hava den fagraste Gjenta.
Og so vilde han drikka ei Skaal for Kvinna; og den
Skaali vilde han serleg drikka med alle dei her i
Laget, som hadde ein Kjærast, so sannt som daa
Kjærasten og Kjærleiken var nokot tess. Russen
jublad til dette og drakk; Dølen dukkad ned av
Talarstolen. So skeivlad han burtetter til eit Bord,
der han hadde sin Plass med Kammeratarne sine.

Dit burtetter søkte Daniel og; han vilde høyra
meir av denne folkelege Vismannen og Skalden.

Og Dølen var i Drøselag, no som all Tid, og
væl so det. Uppglødd og glad av Talen og
Samtykket tok han seg berre ein Slurk Puns og gav seg
so til aa preika paa nytt Lag, for Kammeratarne sine
og kven som vilde høyra.

— Ja, den Kvinna og den Maten, tok han i.
Men det kom seg av, at Kvinna hadde mindre Daning
enn me; for visste ho litt meir, so vilde ho forstaa,
at det var ikkje sannt det med den Maten; for det
var ikkje sannt; han hadde mang ein Gong livt sine
beste Stunder dei Dagarne, naar han ikkje hadde
fenget Middagsmat. Dette Matstrævet og denne
Maten tyngde ned heile Livet vaart; ja var det ikkje
denne Matmagti og dette Guanokratiet, som me no
maatte slaast med i sjølve Politikken? Alt gjekk ut
um Maten, og den var den beste Mannen, som kunde
skaffa mest Guano. Heile Embættsverket vart meir
og meir slikt eit Guanobruk, der dei ikkje lenger

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free