- Project Runeberg -  Bondestudentar /
135

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

135_

kovna, liksom Musi i Glasklokka, som var fy lit med
berre Surstoff.«

Dølen drakk or Glaset sitt og tok snøgt til
Ords att, so ingen av Kammeratarne hans skulde
koma i Veg —:

» Ja, det er fagre Gutar, desse Byfolk, med slike
fine, aandfulle Andlit, at du kunde hugleggja dei,
elder paa Tysk forlibe deg i dei. Men det er so
rart med det: dei skruknar snart ihop. Um tie
Aar vil alle desse gjentefine og mjuke Aasyn vera
so turre som Bork paa Tre, og tronge som
Fugle-hovud, og kvar nokonlunde begavad Katt vil sjaa
meir aandfull ut enn dei. Og so vert dei slitne
og sure og graae av all Papirdumba og alt
Mat-strævet, og so fær dei Skjegg, so dei tidt ser ut
som Buste-Perar elder som gamle Hønsehaukar med
Nosi som ein stor, krokutt Nebb og Haaret som
fallande Fjør. Det er med dei som med Hunden og
andre Dyr, at dei ser mest aandfulle ut, naar dei er
unge; — ja, dette gjeng endaa so vidt, at Nautet
ser aandrikt ut, naar det er Kalv.«

Men no kom. Dølen inn i ein ny Tankegang.
Han lagde ut, at i Grunnen var det so med oss alle,
at me var fagraste i Ungdomen, so lengje denne
Tiurleiken elder Giftel eiken stod paa; for daa trongst
det aa vera fager, so desse Gjentungarne, som no
altid foor og flaug etter det, som blenkte, kunde gaa
paa Limpinden utan altfor mange Krokar. Men naar
me vart Menn, so vart me stygge, stygge, men sterke,
fordi at daa trong Livet Magt og sterke Knokar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free