- Project Runeberg -  Bondestudentar /
137

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

137_

fram ved Sida av Jens Rud, og stira paa han,
manande og aalvorlegt —: Kapellan Hirsch.

— Ja! han vilde vera Berar av Folkets Sak.
Han vilde vera ideal Student; han vilde arbeida for
Aand og Tankar og Poesi, og Matstrævet vilde han
alle Dagar hata. Aa, at han ikkje var rik! — No
vilde han ikkje vera her inni all denne Summelen
lenger; han vilde ut i Hagen og suga frisk Luft og
drøyma store Draumar.

Men daa han kom ut, fann han der Hans
Haugum og fleire andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva
og ein ukjend, sitjande ved eit litet Bord under eit
Tre. Han gjekk burttil. »Aah! er det du?« sagde
Haugum; »hév du voret inne heile Tidi? Ver so
god! her er Plass. Og eit Glas 01 med, um du vil.«
Daniel takk ad og sette seg; sannt aa segja skulde
eit Glas 01 gjera godt no. Haugum sende Sven
Dufva avstad etter eit reint Glas; so præsenterad han
»Studiosus Braut« for den ukjende, Hr. Kandidat
Meier, og so tok han upp Traaden i Samtalen att.
— »Nei«, sagde han til Kandidat Meier, »det er nok
ikkje det, som er Meiningi. Endre Storr er ein
Mann med baade god Vilje og gode - Tankar; men
han trur, at her er for litet »økonomisk Grunnlag*
for eit sunnt Aandsliv her i Landet, og so vil han,
at Folk skal leggja seg etter det fyrst og fremst.«
»Ja, men det kallar eg Materialisme«, sagde
Kandidat Meier, — »denne Trui paa, at Maten er det
fyrste i Livet, og Aanden det andre.« Han talad
seint og rolegt; Ordi kom, eit i Senn, med ei Vegt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free