- Project Runeberg -  Bondestudentar /
140

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140_

dei store, han, Filuren!« »Eg hev komet til aa bu
hjaa han«, heldt Haugum fram, »fordi eg kjende
Kona hans . . .« ?>Sss! no vert det leidt her!«
kvikrad Ortvedt; »hi-hi-hi!« lo Daniel; Sven Dufva
klunkad i djupe Tonar ein godsleg Laatt; »— det vil
segja, eg kjende Mor til Kona hans«, lagde Haugum
til. » Ja Fanden tru han!« sagde Ortvedt; Daniel,
som ikkje enno torde segja »Fanden«, sagde » Skarn
tru han«, og totte dette var mykje til Gaman.

Dei sat og skjemtad ei Stund um ingen Ting,
hengde seg i Ord og rengde dei burt for kvarandre,
skifte godslege Fantord og ertad kvarandre, og var
vittige og lo. Men med ein Gong tok Daniel uppatt
Emnet um Endre Storr. Hr. Meier hadde havt Rett
i det han sagde um den Mannen; Haugum kunde
segja kva han vilde. Daniel hadde leset nokre lange
Stykkje, som Storr hadde skrivet i »Den gode
Borger*, og dei handlad um Hævd og Guano, og var
det aandlausaste, han hadde leset. Det var dette
Guanokratiet, — denne »Læstedrægtigheit«, som
Skipperen sagde, heile dette engelske Væsen med
Kjøt-maskinar og Matstræv .... Daniel vart so
ordhag, at Haugum reint maatte undrast! Men, meinte
Daniel, det var just dette Kjøtvæsenet, me skulde
slaast imot! Me var Aandens vigde Prestar, som
Professoren sagde, me var Folkets Søner, og Berarar
av den store Folkesak; og me maatte vera paa Vakt
mot slike som denne Endre Storr. For Matstræv var
her nok av i Landet. Folk brydde seg ikkje um det,
som var stort og fagert og høgt paa Jordi, dei berre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free