- Project Runeberg -  Bondestudentar /
144

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144_

Heile Verdi kom burt for han; han gløymde baade
Sol og Jord, baade Heim og Himmel; han gløymde
sine Kjenningar og Skyldingar; han gløymde seg sjølv.
Og naar han ein Gong um Dagen gjekk ut for aa
faa seg Mat, dreiv han gjenom Byen som gjenom
ein stor, tom Draum. —

Hadde det endaa ikkje voret so varmt I Men
August-Soli gjekk gjenom Himmelen som ein
brennande Eld, og Lufti laag tung og heit som ein Eim
yver Byen. Ute og inne var like fælt; den arme
Guten var i Sveittelaug all Dagen.

Vaat um Halsen, kleissen paa Henderne, med
tunge Dropar paa den bleike Pannen sat han og
strævad; Flugur foor og song og surrad nerveskjerande
inn mot Panne og Øyro, sette seg paa den vaate,
nervøse Hudi, so det bivrad i Holdet, flaug og kom
att, surrad rundt han i mindre og mindre Ringar,
nærare og nærare, verre og verre, kom støytande inn
mot Haaret, mot Skallen, mot Øyro med sin Hel vites
Surr og sine priklande smaae Klør, og Guten sveittad
av Møda, fiktad hjelpelaust mot dei i Lufti, drap dei,
naar dei heldt Brudlaup i Haaret hans, men var like
nære, — og so las han. Men naar han ikkje kunde
lenger for Trøyttleik og Hovudverk, og han lagde seg
og vilde sova, daa laag han og vreid seg i tunge,
levævne Halvdraumar elder i vonlaus, pinefull Strid
mot Flugesurr og smaae brennande Klør paa Nase,
Hals og Hender.

Og Nætterne var lite betre enn Dagarne. Naar
August-Soli hadde steikt ein heil Dag mot Taksteinarne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free