- Project Runeberg -  Bondestudentar /
157

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

157_

seg som ein framand i dette Laget. Han hadde
berre ei Trøyst, og den var skral: dei andre
Bonde-studentarne bar for det meste Duskeluva likso
daar-legt som han. —

Festsalen var full av svartklædde, bringekvite,
fine Herrar. Det var so det stod svalt av all denne
Galla. Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte,
at han kom som ubeden Mann til Gjestebods, og det
kom for han, at dei fine Herrarne saag med Uvilje
paa Bondeguten, som vilde trengja seg inn i eit
framandt Lag. Med det same han hadde sett seg,
byr-jad Festsongen. Det ljomad so vent i den høge
Hallen. So modigt, so fast, so trygt. Daniel
styrktest, og han sagde til seg sjølv: du hev Rett til aa
vera med; du er Student! Og han drøymde sin
gamle Draum um den høge Ideal-Himmelen, fyllt av
Sol og marmorkvite Guder, der ingen kunde koma
inn, utan han kunde Latin. —

Det fekk vera som det kunde med Duskeluva;
men det var godt aa ha bergat seg her inn i desse
reine, rolege Hallar milloru Aandens Stormenn og
Ideens Presteskap; det var godt aa ha bergat seg
her inn fraa all Raaskapen og all Aandløysa der ute.
» Helligt, helligt, helligt er Studentens Kald!« tonad
det fraa Songarlaget i klaare, store Harmoniar, og
Daniel song i sitt Hjarta med. Han lyfte i Andakt
sine Augo upp mot Takfrisen, og der saag han
Gudarne, dei gamle klassiske Gudarne, staa og tenkja
og grunda, støypte i Gips. —

Det var Professor Darre, som heldt Festtalen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free