- Project Runeberg -  Bondestudentar /
160

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

160_

Skilnad, so kom den av, at Folk vaks upp under
ulike Vilkaar; men det jamnad seg med Tidi.

Og so hadde Bondegutarne Krafti, som Dølen
hadde sagt. Som dei her kom huskande, tunge og
aalvorlege, med digre Ali sier og sterke Kjakar, some
smaae og tettbygde, andre staute og store, saag dei
ikkje ulikt ut til »Søner av Fjel let«. —

— »Helligt, helligt, helligt!« ljomad det for
siste Gongen. Daniel hadde vunnet yver sine tunge
Tankar. No var han med Gud og Retten akademisk
Borgar, og no vilde han vera glad — so lengje han
hadde Pengar.

— Han fylgde Haugum og Jens Rud til Kafé
nasjonal. Dagen maatte »merkjast«. Ein heil Flokk
hadde samlat seg i Kaféen, og dei heldt Fest med
Talar og 01. Det var det ideale Studenterliv, som
byrj ad i Dag, tenkte Daniel; og der vart Idealitet
nok, Festtale-Idealitet i Foss og Flaum. Dei gamle
talad for dei unge og dei unge for dei gamle,
By-studenten Møller talad for Bondestudentarne og Hans
Haugum for Bystudentarne, — det vil segja for dei
Bystudentarne, som hadde Frisyn og Vidsyn nok til
aa slaa Lag med Bonden; dertil svarad Bystudenten
Møller med ein stor Tale for Bondefolket. Bonden
var Fortidi og Bonden var Framtidi; Bonden sat inne
med Fedra-Arven, og Bonden sat inne med
Framgangs-tankarne; Bonden var Krafti, Bonden var Mergen,
Bonden aatte Landet, og Bonden vilde bera det
fram. Skaal! Leve! Hurra, Hurra! Daniel drakk
01 og totte det stod godt til. Han hadde ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free