- Project Runeberg -  Bondestudentar /
166

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Inn t ryk.« Der vart strakst livlegt. Dei byrj ad med
Professorarne, som vart ymist dømde; Ortvedt
fortalde Srnaasogur um dei, og Hærland dømde dei
vitenskapelegt. Fraa Professorarne gjekk dei yver
til Yitenskaparne, serleg til Filosofien. Haugum var
i Beit med, at han ikkje kunde forstaa Overgangen
fraa »Intet« til »Tilværelse«, sagde han, og bad
Hærland greida dette ut for han; Hærland lo og
spurde, um Hr. Haugum meinte, at slikt var til aa
»forstaa«. »Kann De finna ein norsk Student, som
hev lært aa forstaa denne Logikken «, lagde han til, »so
skal eg ikkje vera ærleg Mann«. Daa lo Aslak med
sin store Laatt og sagde, at det vilde han Pinedød
tru, og Gregus Johnsen nikkad.

Fraa Logikken kom dei til Ethikken, og fraa
Ethikken til Politikken. No kom der Liv i Laget.
Hærland og Aslak var Republikanarar, dei andre var
konstitusjonelle, og i glupande Fart reiv dei av seg
sine Grunnar for og imot, og var like nære. Dei
einaste, som ikkje var med i Ordskiftet, var Ortvedt,
som totte dette gjekk for høgt, og Daniel, som hadde
nok med aa høyra. Dessutan visste han ikkje rett,
kven han skulde halda seg til; han heldt i Grunnen
med Haugum, men hadde likevæl best Hug til aa
stydja Hærland, som var ny i Laget og dertil ein
kvass, ordsterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskiftet,
og vilde hava Samhug og Hjartelag, og so sette han
i med eit skakande Maal: »Ja vi elsker dette
Landet«. Det hjelpte. Haugum gløymde Kongedømet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free