- Project Runeberg -  Bondestudentar /
167

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Republikken og song i med glad Jubel: »som det
stiger frem«; Daniel og Gregus Johnsen fylgde etter,
og Hærland kunde ikkje helder halda seg, men kom
med tilslutt paa »de tusind Hjem«.

Og dei song, og song seg varme. Det eine
Verset tok det andre, og for kvart Vers vart dei gladare
og meir uppglødde. Daa dei tilslutt med dundrande
Røyster hadde svoret —:

»Og som Fædres Kamp har hævet
det fra Ned til Seir,
ogsaa vi, naar det blir krævet,
for dets Fred slaar Leir!«

klinkad Haugum paa Glaset og bar fram i
stillferdige Ord ei Skaal for Fedrelandet. Han hadde
ikkje mykje aa segja, og det vart ingen Tale; men
det var so godt meint. Der vart stillt i Laget,
daa Skaali tømdest, og alle var aalvorlege, so nær
som Ortvedt; han sat der med sitt evige, blide
Smør-smil og sagde »Skaal, Skaal!« so Daniel vart
for-argad.

No fann Gregus Johnsen, at hans Tid var komi,
og han spurde blidslegt, um Herrarne hadde leset det
siste Diktet av Bjørnson. »Ja«, svarad Ortvedt
snøgt; men Daniel var truskyldig og sagde Nei, og
so gav Gregus seg til aa segja fram Diktet. Han
foredrog som ein halvstuderad Komediant, og berre
Daniel sagde for Skam Skuld »Bravo«. Men
Hærland stod upp og heldt ein Tale for Bjørnson, som
vekte slikt Samtykke, at Gregus prøvde seg med ein
Tale til um det Emnet. Av den Talen tok Hærland

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free