- Project Runeberg -  Bondestudentar /
178

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_178_

ein Sekk; Vesten knappad han att heilt upptil Halsen
for aa løyna Skjorta, som sjeldan var i Vask, fordi
Vask kostad Pengar, og um Halsen hadde han ein
Papirsnipp, som for det meste var baade sveitt og
svart. Haaret fekk veksa som det sjølv vilde, daa
han ikkje hadde Raad til aa faa det klippt, og raude,
lange Skjeggfliser fekk gro paa Hoka hans etter sin
eigen Tilhug. Men nedetter Leggjerne laag Broki i
store Kne og faste Rukkur, og upptafsad og fæl
utyver dei skeive, sprukne Styvlarne. Han trøystad
seg med, at no, naar Vinteren kom, kunde han løyna
det verste av Armodsdomen med Vinterfrakken.

Paa Toddykveldarne maatte han slutta med aa
gaa, fordi han ikkje lenger hadde Raad til aa vera
Vert sjølv nokon Gong. Dessutan vart han so snart
full no, og so reint ille full. Han tolde ingen Ting.
Og naar han vart full, tøvde han slik, at han vart
til Bry for dei andre og til den største Skam for seg
sjølv. Han vart meir og meir aaleine, og lagde seg
meir og meir i Hi. Det ideale Studenterliv fekk han
drygja med no, til dess han fekk meir Pengar.

Kvar Dag gjekk han og ventad paa Brev fraa
Lias um Malmgruvurne. Men det drog ut. Og
Daniel kunde snart paa Dagen rekna ut, naar han
vilde vera pengelens.

Det verste var, at han skyldte Husleiga for den
siste Maanaden. Han hadde alt eingong vortet kravd;
men daa hadde han sloppet ifraa det; kom der nytt
Krav — og det kunde han venta kvar Dag —, so
vilde han vera reint uppraadd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free