- Project Runeberg -  Bondestudentar /
182

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_182_

helder ikkje ljost, men stygt var det, og ustelt.
Midt paa Golvet stod eit Bord, fullt av Papir og
gamle Avisur; for Bordenden stod ei stor Kjipa elder
Korg, full av same Slaget; Bøker og Pakkar laag og
slong burtetter Golvet; ei stor Bokhylla lengst inne
stod halv-tom og glein og gapte yver nokre Aargangar
av Bondevennen og Storthingstidende, og eit Par
Pinnestolar stod og dreiv burtetter Golvet, der dei
sist var sette. Men i eit litet Kot innanfor saag
Daniel ein graa Rygg, som sat og lutte framyver ein
Pult; skulde det vera Bondevennen?

Den graae Ryggen vreid seg rundt, og Daniel
fekk sjaa eit bleikt, surøygt Andlit med tunnt, raudt
Skjegg kring tunge, posne Kjakar; Munnen var breid
og kjeid, men sagde ingenting. Daniel vart ille til
Mods. »Er det . . . Redaktøren?« spurde han; han
vilde sagt »Hr. Redaktøren«, men fekk det ikkje til.
»Han kommer straks«, var Svaret; »sitt ned!«
Dermed snudde Andlitet seg burt att, og Daniel saag
paa nytt den graae Ryggen, som sat og lutte
framyver ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen
bg fekk sett seg. Han var glad for, at den graae
Ryggen ikkje var Redaktøren, men kjende seg uroleg,
naar han tenkte paa, at denne store Mannen snart
skulde koma, — stigande inn breid og majestætisk,
grundande paa landsvigtige Reformer. Kva skulde
ein segja til slik ein Mann?

Det bankad; Daniel skvatt, der han sat.
»Kamm-inn!« sagde den graae Ryggen, og ein liten mager,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free