- Project Runeberg -  Bondestudentar /
183

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_183_

halvgamall Fyr smatt inn, snaud og snøgg, med eit
litet forunderlcgt Katte-Andlit. Han hadde Byggen
halvt krnm til Helsing, men rettad seg, daa han
ikkje saag Redaktøren, smatt so med lettvinne, magre
Stig burtaat Indredøri; Daniel kjende paa seg, at
Mannen var Skræddar. »Goddag!« — Den graae Ryggen
vreid seg rundt. »Redaktøren ikkje inne?« — »Nei.«

— »Kjem han snart ?« — »Aa, i Morgo.« — »I
Morgo ?« — »Fyremiddag eingong.« — »Men i Dag
var eg her inne i Ekspedisjonen, og daa sagde dei,
at han kom her i Ettermiddag ?« — »I Morgo
Fyre-middag som sagt. Høyr innum Klokka 11 til l.«

— »Ja ja. Men det var hellest dette Stykket,
for-stend De . . .« — »Kva for eit Stykke ?« — »Aa,
dette um Luksus . . . um kor galet det er med all
denne Luksus’en« ... — »Naa—?«— »Han lovad, at
det skulde koma; men det drygjer so lengje no; eg
vilde gjerna vita, um det ikkje kjem snart 1« — »Ja,
De fær snakka med Redaktøren.« — »Og so vilde eg
gjerna vita, um eg ikkje kunde faa nokot for Stykket
. . . Det er ikkje greidt aa klara seg i desse Tider;
eg hev ein Bank paa meg, ikkje ein, men tvo Bankar,
og — «. — »Høyr innum i Morgo Klokka 11 til 1.
. . . elder kanskje 2; det er best De kjem 2. Daa
finn De Redaktøren.« — Andlitet snudde seg burt;
den graae Ryggen viste paa sin Maate
Skræd-daren Døri. »Godt, godt«, sagde Skræddaren, han
stod og bytte Føter og liksom dansad; »i Morgo
11—1 . . . elder 2. Eg kjem baade 1 og 2 . . .
Ja, Godmor n daa!« Han vimsad ut att med sine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free