- Project Runeberg -  Bondestudentar /
197

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_197_

iser maatte den eine vera Fram lysteleg aa sjaa til.
Det var ein sann Teater-Teolog med svarte Kisteklæde
og Engleslips; det vesle magre, samanbitne Andlitet bad
i alle sine Rukkur og Munnviker Vaarherre fri seg
fraa Verdi, og han heldt seg so unaturlegt rak, som
han skulde ha svelt eit Økseskaft. Det var desse
Kararne, Fram vilde eggla seg innpaa. Han smaafiktad
mot Teologar og Teologi, so det var ikkje greidt
for unge teologiske Studentar aa høyra paa; i
Fyrst-ningi gjekk det smaatt og halvt paa Lentur, og han
kunde smila som eit Bam yver sine kvasse Ord;
men Augo glødde upp so rart sometider, og han vart
harskare og harskare. Snart kunde Guten med
Økseskaftet ikkje halda seg so høg og bleik som fy it.
Han raudnad og raudnad, vart meir og meir ladd,
med Sanningsiver cg med Sinne; Gong paa Gong
saag det ut til, at no kom han; Gong etter Gong
sveide han det i seg att; men endeleg braut det
laust; han kunde ikkje meir; Fram forklarad, at
Prestame skulde vera Folkelærarar; dei skulde vera
som dei gamle Rasjonalistprestarne, som lærde
Bonden dyrka Jordi og gjera Tresko; for det var annat
til Kultar, det, enn desse Haruspeksarne no um
Dagen, som var ljosrædde som Rotta, og berre kraup
inn til Altaret og laag og mullad yver Mysteriet!
Daa kom Økseskaftet. Undskyld, — maatte han
vera so fri aa spyrja, kven det var, som hadde
gjenomført den nye Skuleloven? Og kunde det vera
rett aa kalla dei, som hadde gjort det, ljosrædde? —
Daniel fekk med ein Gong Vyrdnad for Økseskaftet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free