- Project Runeberg -  Bondestudentar /
215

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

inne; dei kjende han ikkje; »Godkveld?« sagde dei
spyrjande. Det brann koselegt i Omnen; her var so
varmt, at Daniel svimrad. Han gjekk fram og tok
Ole Bentsen i Haandi. »De kjenner meg kanskje
ikkje att?« spurde han, og Maalet hans vart mot
hans Vilje so holt og klagande. Peter Dirk, som
laag burt i Sofaen og røykte, reiste seg og kveikte
Ljos; Ole Bentsen drog etterkvart Kjendsel paa
Daniel og sagde: »Aa, — er det ... so sjeldsynte
Folk, som er ute og gjeng?« — Daniel raudnad og
sagde, at dei budde so langt av Leid . . . han hadde
ofta tenkt aa sjaa uppum dei, men . . . Tidi . . .
So gjekk han burt og helsad paa Peter Dirk. »No,
kor gjeng det?« sagde denne. »Aa Takk.« »Sit
ned« ; han sette seg.

Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten,
glytte so til kvarandre med eit talande Augnekast.
Dei hadde høyrt, at det skulde staa smaatt til med
Daniel Sørbraut, og no fekk dei sjaa det. Han var
gul; kring Augo laag ein breid, sjukleg Bing, og dei
raude, ruskutte Skjeggfliserne gav Andlitet nokot
villt og forkomet. Peter Dirk vart so teken av det,
han saag, at han gløymde seg sjølv og spurde Daniel,
um han vilde hava eit Glas 01. »Takk!« sagde
Daniel og vart raud av Gleda. »Eg trur me hev
etter ei halv Flaska 01 sidan Middag«, sagde Peter
med ein uroleg Glytt burttil Ole Bentsen; denne
nikkad. »Me held Middag heime sometider, maa De
vita«, sagde han til Daniel; »ein maa laga Munnen
etter Skreppa, som dei segjer.« — »Det er væl so,«

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free