Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_217_
og sidan vilde liva paa andre, dei fortente aa svelta.
Stod der ikkje i Skrifti: »bliver ingen noget skyldige «?
Daniel forstod, at dei ikkje brydde seg stort um
det han sagde, og daa Ølet etterkvart seig av han,
vart han tagall og arm som fyrr. Han sat og
liksom seig ihop paa Stolen, og Mælet vart veikt,
sviktande og holt. Han fekk mindre og mindre Mod til
aa spyija um Pengar; men . . . skulde det ikkje gaa
an aa setja seg til aa venta til Kveldsmaten kom?
Daa kunde dei ikkje for Skam Skuld annat enn
beda han med seg. Ole Bentsen og Peter Dirk sat
og gjorde Augo til kvarandre. So reiste Peter seg
upp og saag paa Klokka. »Ivor mange er ho?«
spurde Ole Bentsen. »Halv seks«, svarad denne.
»Aa, so mange?« sagde Ole; »ja daa fær eg nok til
aa lesa.« »Ja, enn eg daa?« sagde Peter Dirk.
Daniel forstod. Han vart myrkeraud i Andlitet og
stod upp. »Ja . . . lid det so langt, so . . . fær
nok eg og . . . heim og arbeida«, sagde han. —
»Aa ja, det er lang Veg«, meinte Ole Bentsen. —
»Ja.« Daniel stod og vreid seg ; skulde han vaaga
det —? Aa ja . . . han fekk ikkje meir enn nei;
og han kunde ikkje gaa heimatt med tome Hender!
Hastande, snaavande lagde han i Veg: »Eg hev langt
heim, ja, og so skulde eg dessutan heilt upp i
Professorbyen ... eg hev ein Kjenning der, som eg
skulde hava nokre Pengar av, men han var ikkje
heime i Dag, og no maa eg —. Men seg meg . . .
for aa sleppa aa gaa den lange Vegen . . . det er
myrkt no, og stygt Føre ... De skulde ikkje kunna
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>