- Project Runeberg -  Bondestudentar /
223

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Talaren fortalde nm dei ugudelege, som livde villt og
sette alt sitt Gods til i ein syndefull Livnad; og naar
dei hadde øydt upp alt det, dei aatte, so tok dei
kanskje Klædi av Kroppen og gjekk til Pantelaanaren
med for aa faa nokot aa synda fyre! Pantelaanaren!
Det var Ordet, som vekte Daniel. Der var ein
Utveg! Endaa kunde han faa Mat, fyrr han gjekk
i Seng! Hadde han berre nokot aa setja i Pant? —
Bøkerne kunde det ikkje nytta med; dei var gamle
og skrale; Vinterfrakken — trong han altfor hardt
til; Klokka hadde han ikkje . . . men Duskeluva!
Duskeluva kunde han setja i Pant! Han reiste seg
upp, kunde knapt staa, men tok seg paa Tak; ut av
Kyrkja bar det, heim etter Duskeluva, og so til
Pantelaanaren so snøgt han orkad.

Han ventad aa faa ein heil Dalar paa Luva si.
Det fekk han ikkje; han fekk tvo Mark. Men tvo
Mark var Pengar, det med, og Daniel kjende seg
heilt rik, daa han gjekk ut av Pantebudi. Med ny
Kraft og med snøgge Stig gjekk han paa
Kaffikjeldaren og fekk døyva den verste Svolten, og paa
Heimvegen kjøpte han Braud og 0l og aat paa nytt,
daa han kom heim. Daa vart han so varm og glad
og lat; og det vesle Ølet han hadde drukket, lagde eit
Slør um Pannen hans, mjukt og smeikjande som Ull.

Men han hadde vondt i Hovudet.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free