- Project Runeberg -  Bondestudentar /
229

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ut, klædde han seg i sine Kisteklæde og gjekk til
Pater.

Han vart vist inn i ein ljos, fager Sal, som
vende ut til ein stor Hage. Ein liten bleik Solstraale
stod inn gjenom Hagedør-Glaset, braut seg glitrande
gjenom Glasdobbarne i Ljoskruna og fyllte Romet
med Glans og Vaartankar; framande Vokstrar stod og
lavad langs Vindaugo med sine store grøne Blad, og
rundt Veggjerne hekk Steintrykksbilæte av Jesus med
Tornekrana, Jesus paa Krossen og den norsk-svenske
Kongen, dessutan eit Par Maalartavlur med norske
Landskap; midt paa Golvet under Ljoskruna stod
det store rande Stovebordet med Potrætbøker og
ein Bikar full av Visitkort; rundt Bordet Stolar av
ymse Slag, maklege og mjuke; mindre og større
Gipsfigurar og By stur stod uppstellte rundt Romet
paa Hyllur elder Skaap; ved Veggen burtmot
Vind-augat eit Piano, og ved Veggen innst inne ein
Sofa; paa den sat Daniel no og ven tad; for der var
ein Student inne hjaa Pater, hadde Gjenta sagt.

Daniel var uroleg. I Dag, daa han var komen
ut i frisk Luft, hadde Trui vortet so veik i han.
Han hadde kjennt slik Gleda i dette jordiske, og slik
Lengt etter »Studenterlivet«, at han maatte tvinga
seg sjølv for aa halda fast paa Naaden. Kor hadde
det seg? Var han umvend, elder var han ikkje
um-vend? — Ein fekk tru det beste, so lengje ein kunde.
Men visst var det, at han ikkje var so glad yver aa
faa tala med Pater, som han burde ha voret.

Det tok i Kontordøri; Daniel reiste seg for aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free