- Project Runeberg -  Bondestudentar /
233

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_233_

Folk, med Herrens Gaavur i forunderlegt Maal,
som skulde sankast inn i hans Løda. Daniel saag
paa Pater med Høgvyrdnad, og Pater talad seg
meir og. meir varm. Han drøymde stort um
No-rigs Folk og kunde aldri koma burt fraa den Trui,
at Vaarherre hadde valt det ut til ei herleg Gjerning
i hans Rike. Dei store Kulturfolk, som her var so
mykje Tale um, trudde han ikkje stort paa; dei var
alle meir elder mindre skadde og undergravne av
Sedløysa, Sjølvvisa og Vantru; det norske Folket
derimot stod ungt og friskt, med heile si Barnetru og
heile si Kraft; og naar Gud her lagde si Signing til,
som han visseleg vilde, og som han alt paa so mange
og merkjelege Maatar hadde vist oss, at han vilde,
so skulde me faa sjaa, kva han kunde gjera med
smaae Krefter. Ja, sterkt vilde det Folket vera, som
kunde segja med Josva: Eg og mitt Hus, me vil tona
Herren! — sterkare enn alle Filistrarne, sterkare
enn alle Heidningarne med deira Stridshestar og
Vogner! Og ettersom Pater med varme Ord lagde
ut um dette, gjekk Augo hans fulle av glade T aurer
og den sterke Munnen hans skalv. Men det galdt
aa arbeida, medan det var Dag; det galdt aa saa og
pløgja og vatna, so Herren kunde faa gjeva Vokster;
daa skuldej som Diktaren sagde, »Landet over vore
Grave blomstre som en Herrens Have.« Daniel vart
so uppglødd, at han maatte minnast Kapellan Hirsch.
Men daa Pater tok til a a tala um det »personlege
Gudsforhold«, um Livet i Kristus og i Naadens
Samfund, daa kunde han ikkje fylgja so godt med lenger.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free