- Project Runeberg -  Bondestudentar /
241

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_241_

hastad yver Telet som i Feber; Spelararne
forsnak-kad seg alt i eit og gjorde alle Slags Mistak.
Ender og daa gjekk det som elektriske Slag gjenom
Raderne; det raslad i Silke og stive Kragar, og
Chig-nonarne snudde seg att og fram som Vindfløyar —:
kom det no? — Men dei unge Løytnantarne sat og
gjorde seg morske og saag seg ikring med
kannibal-ske Augo, som sagde, at vart det nokot av, so skulde
nok dei halda Styr paa Pakket.

Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt.
Folk tok til a a tru, at dei var haldne for Narr, og
at det ingen Pipekonsert skulde vera. Og mang ein
Løytnant, som fyrr hadde voret so morsk som ein
Mars, hekk no helder ynkeleg med Nebben. Skulde
han altso ikkje faa Tilføre til aa visa seg som
Riddars-mann for sine unge Kvinnfolk? Men andre saag seg
spottande ikring og tenkte: naa, dei vaagar altso
ikkje.

Men dei gamle Herrarne var glade. Altso ingen
Skandale. Ingen Opposisjon. Urostiftararne hadde
voret for veike. Kristiania var trufast. Litt
mis-tenkjelegt var det, at der i andre Rad var mest
berre Studentar; men . . . dei gode maatte vera i
Fleirtal.

Det leid til Slutten paa femte Akt. Uroi tok
til aa vakna att; kanskje var det no, det galdt. Med
eingong vart det so varslande stillt yver heile Teatret.
Daniel fekk Hjartebanking og stirde ned: — ein ung
Mann midt i Parkettet hadde reist seg upp og stod.
— Det var Føraren.

Garborg: Bondestudentar. 16

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free