- Project Runeberg -  Bondestudentar /
245

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_245_

ha vortet ein annan Dans. Denne fordømelege
norske Ræddhug! Dette usætande, dette upaalitelege
ved ossl Altid skulde det gaa so midt i Lag. Aldri
kunde ein halda ihop og vinna stort. Me skulde
herre sjaa, kva »Den gode Borger« sagde i Morgo —:
»en Del unge Mennesker og Skoleelever ... en Del
Barnetrompeter . . . Politiet ordnede det hele i en
Fart!«

Daniel hadde voret i stor Tvil, um han skulde
møta upp paa Kaffikj eldaren; han hadde ikkje nokot
godt Samvit, og dessutan . . . det, han hadde lovat
Vaarherre . . . Men endeleg gjekk han. Han vilde
forsvara seg, um nokon skulde koma med Snakk,
tenkte han, og dessutan var han ikkje umvend . . .
»Naa!« ropad Jens Rud fornøgd, daa han saag
Daniel, »der hev me daa endeleg ein sann Israelit, som
der ikkje er Svik i! Lagde De Merke til honom,
Karar? Han sat uppe i tridje Rad og peip som
ein Devel; dei prøvde aa stogga han, men han
berre stemde Ryggen imot, Rygg og Aalbogar, og
blees paa, blees paa —! Hadde alle gjort sine Ting
so godt som han, so hadde der voret Mon i
det! Hurra for Daniel Braut!« — »Hurra! Hurra!«
» Hurra!<<

Daniel stod der so raud som ein Hummar og
visste ikkje, kva han skulde segja. Endeleg, daa
den eine etter den andre kom og vilde drikka med
han, sagde han, at han ikkje hadde fortent so
stor Ros. Han hadde nok gjort det beste, han
kunde; men Jens Rud tok imist . . . »Aa vis-vasU

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free