- Project Runeberg -  Bondestudentar /
268

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_268_

faa vita, at han no stod paa Stall hjaa ein
Byraa-sjef; »ja, det burde han, Jaabæk plage meg!« lo
Hr. Petersen, som og kunde vera vittig. Fru Storr
hadde vondt av Hesten, Stakkar; han fekk visst mang
ein ufortent Piskesmekk for Skuld det Namnet, var
ho rædd; men det trudde ikke Becker.’ Hesten fekk
nok høyra eit og annat politiskt Foredrag, kanskje;
eitkvart Fantordet med so ender og daa; men . . .
Jau, eingong hadde han fenget ei god Rundjuling
for Namnet sitt likevæl. Det var Løytnant Schmell,
som gjorde det. Han var med paa ein Tur, og so
fekk han høyra, at Hesten hadde dette Namnet;
dermed treiv han Svipa og Taumarne og reiste seg i
Sleden: »naa saa ska du da Fa’n tordne mej —!«
skreik han, og so fekk Hesten Juling slik, at han
berre stod paa Bakføterne og dansad. Dei maatte
stogga Løytnanten med Magt, men kunde ikkje annat
enn læ, naturlegvis. Nei ha-ha-ha-ha, naturlegvis.
Men Block, som var ein Hesteven, sagde, at det var
Synd aa gjeva ein Hest eit slikt Namn; for ein Hest
var eit Dyr, som ein heldt av, og fekk han ein Hest
nokon Gong, so vilde han kalla han upp etter ein av
sine Venner. »Takk*for meg!« sagde Becker; »ditto
ditto!« lo Petersen; Ordstriden døyvdest av i Laatt;
Hr. Jokum vart gløymd.

Dette lagde Daniel Merke til, og daa han just
hadde Hanna ved Sida av seg, spurde han henne,
kva den Jokum var for ein Kar. Aa, det var berre
slik ein gamall Kaptein elder Oberst, sagde Hanna.
Jokum-Namnet hadde han fenget, fordi han var so rar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon May 19 16:34:20 2014 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestud/0277.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free