- Project Runeberg -  Bondestudentar /
273

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fram med Arbeidet og tente 100 Pund; og so arbeidde
Son etter Far og Ætt etter Ætt . . . arbeidde, ser
De! ... ja; og tilslutt var der ein Kapital . . .
Rikdom, Magt, Dugleik! fyrst og fremst Dugleik! — Men
lier? det, som skulde vera Grunnlaget for ein Kapital,
— vips! ut for alle Vindar! »Eig ein Mann tusund
Dalar, so skal Son lians ikkje arbeida, kan skal
studera! . . . »studera« ! ... og so sumlar lian burt dei
tusund Dalarne paa tvo Aar, og sidan liver lian paa
Gjeld og vert Kopist! — Maa eg so spyrja: kor skal
der koma Kapital fraa, og kor skal der koma
Dugleik ifraa . . . for Kapital og Dugleik maa der til,
um me skal kunna konkurrera ... og kor skal den
koma ifraa, naar Kapitalen vert drepen i Fødsla, og
alle, som skulde kunna læra ’nokon Ting, gjeng og
kastar seg burt og veit Kopistar!«

Tri—åre ropande Røyster skreik upp for aa
svara, men slog kvarandre ihel. Det einaste, Storr
fekk Tak paa, var nokre Ord fraa Lensmannen um
vaar trufaste, arbeidande Bonde. »Bonden ?« skreik
Storr, »var det Bonden, Di sa? — Bonden er som
me ... og me er som Bonden . ! . men Bonden er
den verste av oss alle. Det er Villmannen, det, som
. . . som vil liggja paa Laaven og eta . . . eta seg
mett, og so sova, og bry seg Pokkeren um i Morgo.
Lat oss berre ikkje snakka um Bonden!«

Proprietæren var litt raud, Daniel forstøkkt. So
sagde Lensmannen, at det var somt, Grosseraren kunde
hava Rett i. Dei lægre Klassar no for Tidi var ikkje
so nogde med sin Stand og si Stilling, som dei burcle
G a r b org: Boiulestudentftr. 18

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free