- Project Runeberg -  Bondestudentar /
305

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_305_

slik, daa eg laag og drøymde i Kristiania. Mang
ein Gong hev eg voret paa Veg til aa uppgjeva Trui.
Det hev set meg ut til, at Folket ikkje aaleine var
dvalebundet, men steingjenget under all denne Uaand,
under Matstrævet paa den eine Side og Pietismen
paa den andre, elder rettare, at det var staalslitet og
utlivt, reint magtlaust av det lange Marerid. Men
ettersom eg hev lært Folket liksom personlegt aa
kjenna, hev desse myrke Tankarne tint burt; — eg
skal, um me eingong raakast, kunna fortelja deg
mange og merkjelege Ting um dette. Mykje leidt
hev eg set, men meir Hjartegull hev eg funnet, og
det tidt der, som ein skulde venta aa finna alt
annat enn Guli.

Men eg hev meir og m§ir lært aa sjaa, at den
rette Maaten aa vekkja Folket paa, den er ikkje aa
senda Bonden til Byen, der han ofta vert utskjemd
og gløymer baade »Moders Maal og Feiders Sleika;
nei, Bonden maa vera Bonde, og faa Daning — sann
Daning, Aands- og Hjartedaning — paa heilt upp
heimsleg Grunn. Difor hev eg ikkje hjelpt andre enn
deg til aa studera ; eg hev helder sendt dei paa
Folkehøgskulen. Folkehøgskulen er det største og fagraste,
som er uppkomet i Nordlandi i heile vaar Nytid, og
den vil gjera eit Verk — fyrst og fremst her i
Norig —, som framande Folk og komande Ætter skal
undrast yver.«

Kapellanen fortalde so, at han agtad seg til aa
byrja ein Folkehøgskule sjølv um eit Aars Tid elder
so; som Prest kunde han enno ikkje faa utretta so

(J a r b o v g : Bondestudentar. 20

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0314.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free