- Project Runeberg -  Bondestudentar /
307

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_307_

Maate, men —. Det siste av Brevet derimot gav
honom mangt og mykje aa tenkja paa.

— Han trudde ikkje han hadde Kall til aa
vera Høgskulelærar. Han hadde ingen rett Hug. Gaa
der uppe millom Bønderne og læra dei Livsvisdom,
det kunde vera fagert og godt . . . men kanskje
Bonden trong likso mykje til annan Slags Lærdom.
Vitenskapsmann? Nei, det hadde han aldri tenkt paa.
Han brydde seg ikkje større um Vitenskapen. Han
kunde aldri i Grunnen forstå a, kva den skulde vera
god for. Sanningi hadde me. Alt det, som
Vaarherre hadde funnet det tenlegt for oss aa vita, det
hadde han upplyst oss um i Bibelen. Kva var det
so, dei leitad etter? Og um dei laag aldri so lengje
og rotad og grov i Kjøt og Blod og daude Skrottar,
so fann dei aldri ut, kva Livet var, og ikkje fekk
dei vita nokot um Livet etter dette helder. Det,
dei leitad etter, visste Bibelen, og meir til. Di meir
ein tenkte etter, di meir vilde ein finna, at Bibelen
gav Svar paa alle vaare Spursmaal. Og dei Svari,
me der fann, vilde altid visa seg aa vera dei
djupaste og beste. Der var eit og annat i Bibelen,
som me ikkje forstod; men just det viste, at
Bibelen var Guds Ord; for hadde det voret berre
Menneskeverk, so hadde me kunnat forstaa altsaman.
Det einaste, han hadde Hug til aa studera, var
Teologi. Den lærde oss aa tyda Bibelen, og ein Teolog
kunde vita meir enn nokon annan um det, som
var verdt aa vita. Teologien vai* den einaste sanne
og solide Filosofi; den visste nokot, den; men den

20*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0316.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free