- Project Runeberg -  Bondestudentar /
312

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_312_

ho det paa ein slik Maate, at Daniel vart; raud. Fraa
den Stundi tottest ho kjenna hans Hjartans Løyndom;
men Daniel tottest likso tydeleg vita, kor han i
Tilfelle vilde hava henne i den Saki. —

So gjekk han i Russelaget. Der skulde det nye
Studenteilivet hans byrja, og han spaadde seg ein
herleg Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han
kom snart etter, at Russen i Aar ikkje var som
Russen fraa hans Tid. Der var Leven og Staak i Kveld
som daa; men der var ikkje slik Gleda i det. Og
det, som skulde vera morosamt, vart ofta etter hans
Meining dumt, ja raatt. Han undrast paa dette eit
Bil; tilslutt fann han Grunnen —: det maatte koma
av, at det i Aar var so mange Bondestudentar.

Han kjende dei Kararne, berre han saag dei.
Og han likad dei mindre og mindre. Dette tunge og
breide i Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr
hadde trutt var Kraft, — det var ikkje Kraft; det.
vai’ »B,aaheita«. Bystudentarne hodde ikkje nokot
slikt, men kunde vera like kraftige for det. Og
det verste var, at Bondegutarne no saag ut til aa
gjera seg til av Raa skapen sin. Dei gjordest,
paa aa vera Bønder; der var tilmed dei, som gjekk
bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde paa
Bystudentarne og paa alt, som fint var, med ein Stoi snut.
so ulidande . . . Daniel fekk sjølv merka dette, og
vart baade harm og heit. Men verre enn verst var
det, at Bystudentarne fann seg i dette Bondeveldet,
ja gjorde Krus for Bønderne attpaa. Det gjekk so
vidt, at der var Bystudentar, som lagde seg etter aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0321.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free