- Project Runeberg -  Bondestudentar /
316

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_316_

paa denne Guten, men fann endeleg ut, at det maatte
vera ein Ætting av desse gamle Odelsbønderne, som
no snart berre vilde vern Mythe. —

Karl Magnus førde Ordet for det meste. Han
var rasande uppglødd yver den unge Bergensaren,
som hadde talat Maal; slik skulde det gaa! paa den
Maaten skulde Maalsaki vinna! Han likad Russen
godt i Aar. Det var Folk med Aalvor, og so
valder so mange Bønder. Gilde, støde Gutar, .seige som
Bjørkekubbar; mange av dei hadde merkjeleg gode,
sterke Aasyn; og so blvgdest dei ikkje lenger for aa
vera Bønder! — Han gjekk altid um Hausten og
saag paa Russen, saag etter, korleis Aakeren stod,
um det var Grøda, som var verd aa berga inn; han
hadde slik Gleda i den Tanken, at kvar ny Haust
gav n}re Voner for Landet. Og so var det so flirande
aa sjaa paa alle desse gamle, desse, som gjekk og
masad og aldii vart ferdige. Heile Aaret laag dei i
Hi, some uppaa Landet, andre paa ein Hybel; ingen
visste um dei; men til Artium kom dei krekande
fram, underlege og forkomne, folkerædde, holsvoltne,
slitte og bctte, fælare og fælare for kvart Aar, meir
og meir lurvelege, yvergrodde med Skjegg, med Ragg!
ha-ha-ha, dei hadde Ragg! Gamle Vidunderbø, han
var daa endeleg bergad; Karl Magnus hadde saknat
honom i Aar. Men no var det Lars Risvold; han
vart visst likso seig, han. Karl Magnus hadde
maattet laana lian Pengar til Eksamensavgift i Aar
. . . 10 Dalar Netto, burtkastat til ingen Verdsens.
Nytte. »Ja han liver paa Laan no«, sagde Strand.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0325.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free