- Project Runeberg -  Bondestudentar /
323

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_323_

inen ventad seg heimatt til Vaaren. Naa! ikkje fyrr,
tenkte Daniel. —

Men av Tonen i Brevet forstod kan greidt, at
Jens ikkje lenger vilde hava nokot Kjennskap med
han. Daa kom det nokot ubljugt og kaldt upp i han,
og han sagde for seg sjølv: »Godt og væl! Likso
godt, at dei veit det! Dei kann faa vita meir . . .
og so er eg daa kvitt dei!«

Men han likad seg ikkje rett. Han hadde
liksom ein Usmak av seg sjølv, og han tenkte med
Fælske paa, kor fint Jens Rud kunde smila. —

— Paa dei teologiske Forelesningarne kom
han til aa trivast godt. Han merkte nok, at han
hadde gløymt ymist av sin Artiumskunnskap, og
mangt av det, som ein her burde kunna, hadde lian
aldri visst; han fekk nok taka seg ei Grunnskuring
i Forkunnskapar, naar han fekk Stunder til det; men
sjølve Teologien vart han glad i, og det var nokot
Tøv, det, som Karl Magnus hadde sagt um denne
Lærdomen. For her var meir enn nok til aa prøva
Tanken sin paa, og meir enn nok aa granska. Mest
dagstødt kom Professorarne inn paa djupe, vande
Spursmaal, som stundom var so svære, at han aldri
hadde tenkt, der kunde finnast slike i Trui; men di
sværare dei var, di gildare var det; for han visste
al tid so trygt, at Professorarne vilde vita tilslutt aa
greida seg paa den rette, fyreskrivne Maaten.

Ein av dei fyrste Dagarne raakad han Haugum,
som han helsad paa med stor Gleda. Men Haugum
viste seg aa vera den same som han hadde voret,

21*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0332.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free