Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_336_
So snart han var fri og hadde fenget Løni si, —
kom Rekningarne. Rekningar i Rad og i JFlokk, og
Kammeratar, som reiv og rykte, og Peder Monsen
og Ottkanten, som vilde laana . . . Daa Daniel paa
ein Maate hadde klarat dette ifraa seg, korn
Post-guten med eit Brev. Daniel reiv det upp i uvisse
Voner —•: det var fraa Jens Bakke. Denne hadde
jspurt, at Hr. Braut no skulde ha fenget ein god
Skulepost; Bakke vilde daa ynskja Hr. Braut til
Lukka med denne. Hellest vilde han segja, at lian
hadde havt ymse Pengetap i seinare Tid . . . vilde
vera svært takksam . . . berre eit li tet Avdrag kvar
Maanad . . . »Din Moldtræl!« sagde Daniel og slengde
Brevet.
— Det gjekk ikkje for seg dette her. Han
saag, at han ikkje klarad seg, og han kom snart so
djupt i Gjeld, at han fekk gaa og slita og træla i
alle sine Livedagar berre med aa betala. Skulde det
verta Løni for alt hans lange Stræv, at han skulde
liva si Tid som ufri Mann, aldri verta Sjølveigar,
altid slita for andre? Kanskje naadde han ikkje
eingong so langt som til Embættseksamen.
Og so at han skulde taka Hjelp av Kapellan
Hirsch, — denne Aandsmannen, som til Takk for
Hjelpi vilde hava han med for ein Svelteskilling paa
eit Arbeid, som Daniel ikkje likad! Det var ein
ulidande Ting aa vera hjelpt fram i Verdi av andre.
Det var som ein hadde selt Sjæli si. Alt det ein var
og vart, det hadde ein andre aa takka fyre; og dei
Kararne, dei kravde sin Takk! Ein hadde ikkje fri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>