- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
5

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

I.



Thi ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om
Aftenen silde — Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro —
Saa ville I gjøre eder rige: — med Kummer I aede
det harmelig Brød, — Thi Gud giver sine baade Klæder
og Fød’, — Naar de monne sødelig so—ove, — song
dei inne hjå han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald
måndags morgon i april.

Dei heldt bøn kvar dag i dette huset; for Ole Johannes
var på sin måte ein gudeleg mann. Han var ikkje vakt;
og alt um han stundom hadde freista på å umvenda
seg, so hadde han ikkje fenge dette til, totte han; so
det laut vera til han vart gamal og fekk betre stunder.
Men han tenkte likevel at det var best å halda seg til
Guds ord so mykje ein kunde; han heldt bøn kvar
morgon, og i desse bønestundene måtte heile huset vera
med.

Fyrst song dei ein salme; so las Ole Johannes bøni
i salmeboki, og dessutan stundom eit stykke i
skattkista; for Ole Johannes var god til å lesa; sistpå bad
han Fadervår og «Herren velsigne og bevare dig». Det
var ikkje alltid at salmen av Kingo høvde til stykket i
skattkista; men det gjorde det same; det var Guds ord
alt; og Guds ord hadde ein alltid godt av å høyra.

I dag råka det elles so til, at salmen og teksti høvde
godt i hop. Dei gjekk båe ut på, at me ikkje skulde
syta for mat og klæde; Vårherre vilde sjølv syta for
alt slikt. Fødde ikkje Gud sporven på taket og lilja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free