- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
6

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på marki, endå dei korkje sådde eller spann; og var
ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte til slutt
um enkja i Sarepta og um enghønone i øydemarki, og
tala strenge ord um den vantrui som gjorde, at i staden
for å slå vår lit til Vårherre, so gjekk me og streva og
sytte for desse arme jordiske ting, liksom det var me
som kunde få graset til å gro eller kornet til å veksa.

Vesle Daniel, som no var ein gut på 13 år, lika
både salmen og lesestykket, og ynskte berre at dei no
vilde leva etter det. Men då bøni var lesi, og Ole
Johannes tok med seg både han Lias — eldste sonen —
og han Reinert — tenestguten — og Daniel ut i det
sur-kalde véret på våronn-arbeidet — hu! då var det ikkje
fritt for at Daniel totte dette var ein underleg måte å
leva etter Guds ord på.

Det heldt på med blåster og småslut, so det var reint
ufjelgt å arbeida. Daniel tenkte på si varme seng, og
på stova der heime som mor visst no hadde sopa og
fenge varm, so der var koseleg å vera. Hadde no berre
desse vaksne havt vit til å tru på det som stod med
klåre og reine ord i boki! Vesle Daniel gjorde både
undrast og harma seg. Han sette seg fyre at han
vilde spyrja far sin ut um dette. Totte folk det var
moro å gå slik og træla? Eller var det ikkje sant det
som stod i boki? A, han kunde koma med mange
spursmål um dette, totte han. Men når han sku’de til,
blygdest han; og det hadde so nær gjenge som det
vanleg gjekk, når han tenkte på å segja eller spyrja
um noko: det hadde so nær ikkje vorte av. Men som
Daniel stod der og skugra og fraus og var reint ille i
lag, stana Ole Johannes med plogen like ved han; og
ingen annan var på høyrsiemål. Då skaut guten hjarta
i livet, snudde ryggen til far sin, snugga seg og fraus
og sa: «Her er ufyse å vera ute i dag.» — «A ja,»
meinte Ole Johannes; «men vil me ha mat til eit anna
år, so lyt me nok vera ute.» — «Ja men . , . kvi stend
det då slikt i boki . . . som det me las i dag?» stota
Daniel; han stanga med moldgreipi i treskoen sin; det
v&r fælt rart å koma med slike spursmål. Ole Johannes

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free