- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
7

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart reint forundra, ja mest redd. Kor kunde guten
koma på sovore? Endeleg sa han, og slo på gampane
til å få deim i gang att: «Soh! hypp! Der stend det i
boki, far min, at . . . soh! vil du goh! ... at den
som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde; veit du
ikkje det? Hypp! soh!» — Gampane vreid seg seint
og syrgjeleg fram i selen att, streta og sterta og kom
endeleg i veg, maktlause og arme som dei gjekk der
og slong i den tidlege våren. Og Ole Johannes skeivla
av stad etter plogen og tenkte med seg: «Jamen er der
hovud på guten; han er mest for god til å vera bonde.»

Men Daniel stod etter modfallen og liten og undrast
på, at alltid skulde då dei vaksne ha rett. — —

— Vårvinna var endeleg slutt; no skulde det vera
skule ei 3—4 vikor millom den og slåtten. Ole Johannes
lika ikkje denne skulebolken midt på fyresumaren; for
då hadde dei bruk for smågutane heime. Og det var
ikkje fritt han slo på, at det var best Daniel var heime
av skulen i år. Men då vart Daniel reint utav det.
Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han å
arbeida; der fekk han leika seg i sundagsklæde saman
med fflagar; og inne i skulen greidde han seg, so at
han lika seg der med. Han måtte på skulen! So gjekk
han til mor si og sutra og bad for seg; og ho Mari
laut då som vanleg våga trøya for guten sin. Og ho
fekk fram det ho vilde; ho visste kva kant ho skulde
taka gamlen frå. «Du ser det er hovud på guten,» sa
ho; «og hug til boki hev han au; kven veit, kva det
kann verta av han, dersom han før lærdom?» — «A,
han fer vel halda seg til den stand og stilling, som
Vårherre hev sett han i,» svara Ole Johannes tvert.
«Ja ja! men me hev no set so mangt av det slaget,»
svara Maren. «Sjå no berre som son hans Jo Kleppe,
som vart prest! —Ja, me skal no ikkje tenkja so høgt,
veit du; men det er då ingen som veit noko.» — «Du
snakkar som du hev vit til,» meinte Ole Johannes.
«Men når guten plent vil på skulen, so før han vel gå
då, veit eg!» — Glad var Mari, og endå gladare
Daniel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free