- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
8

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

På skulen var godt å vera. Folk hadde det
reinsleg og koseleg inne når skulen var på garden; og
skule-meisteren var snild; han slo ikkje andre enn dei som
gjorde fantestykke; og det gjorde Daniel aldri. Og
ikkje Judit heller. Det måtte vera gildt å vera
skule-meister. Her kunde han gå inne all dagen turr og
varm, ja sundagsklædd og fin, vyrd som ein framifrå
mann av alle. God mat fekk han au; og skulen var
då ikkje stort anna enn ein leik mot å gå og vabba i
moldi. Daniel tenkte tidt med seg: den som kunde
verta skulemeister 1

På skulen fekk han ein dag ei utgreiding um arbeidet
som han la merke til. Dei hadde forklåringi um
syndefallet; og der viste det seg då, at arbeidet var kome
av syndi. Hadde ikkje syndi vore, so hadde me vore
frie arbeidet. Vel hadde Adam og Eva arbeidt på ein
måte i Paradis au; det stod at dei var sette i Edens
hage til å dyrka og vakta den. Men fyre syndefallet
var arbeidet berre som ein leik eller ei moro; for då
var naturi so godviljug mot mennesket at arbeidet gjekk
av seg sjølv, og gav dei rikaste frukter for mest
ingenting, Derimot etter syndefallet hadde naturi vorte so
vrang og forvend, at ho berre gjorde motstand mot
mennesket; arbeidet no var ein tung trældom i sveitting
og strev; og endå gav jordi so lite av seg, at det berre
var so vidt me kunde leva. Dette totte Daniel han
forstod. Arbeidet er ei straff! Det var som når dei
sette vonde folk på tukthuset. Å den skarven den
Adam, som berre for eit einaste eple hadde ført all
denne trældomen yver oss; og det han som hadde hagen
full av eple og kissebær, som han kunde eta av so mykje
han berre vilde!

Men, heldt læraren fram, måtte ein ikkje segja at
Gud var streng, når han straffa oss på denne måten f
Var det ikkje stygt av Gud å leggja so hard ei tyngsle
på oss? Daniel visste at ein måtte ikkje segja Gud
gjorde noko som var stygt; han svara hugheilt nei,
endå han i grunnen undrast på, korleis læraren vilde
klara dette. Men det viste seg, at læraren her som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free