- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
9

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

elles visste korleis han skulde klara det. Nei, sa
læraren; det var ikkje stygt av Gud. Tvert imot! For
etter syndefallet trong me um å arbeida i slit og strev;
elles vilde syndi få altfor stor makt med oss. Det var
eit gamalt ord som sa, at lediggang var Satans
hovudgjerd; og var ikkje det sant? — Jau. — Jau; det var
sant. Hadde me ikkje denne trældomen på oss, so
vilde djevelen fylla oss so upp med vonde tankar og
freista oss so hardt til alt som vondt var, at det vilde
ikkje bli levande for oss på jordi. Læraren fekk
sistpå ut, at endå arbeidet i grunnen var ei straff, so var.
det likevel ei velsigning. Daniel kjende seg reint liteiy
under all denne visdomen; det nytta nok ikkje for smV
folk å vilja gjera seg tankar um nokon ting. /

Han var mest redd seg sjølv, som hadde so lite
jr-beidshug. For då måtte den vonde lett kunna fa l/an
i si makt. Men fyrr han vardest fekk han trøyst /not
denne suti. Det var ikkje berre arbeidet med
hendene som var arbeid, sa læraren; langt ifrå. «Kva
meiner de um presten? Arbeider ikkje han?» Daniel
svara jau, som han skyna han skulde. Og svaret var
rett. Presten, futen, skrivaren, amtmannen, dei arbeidde
i røyndi likso mykje som me, og stundom meir; «og
kva trur de er stridast: Hand-arbeid eller hovda-arbeid?»
Fleire tok i miss her. Men Daniel skyna kva svar
læraren vilde ha og svara høgt og trygt: det er tyngst
å arbeida med hovudet. Og læraren gav Daniel rett;
gjorde endå narr av dei andre som kunde svara so
tankelaust. Dei skulde freista å arbeida med hovudet,
liksom presten, dei, so skulde dei fa kjenna! Den som
skulde sitja både natt og dag og lesa i djupe bøker og
studera framande mål, ja lesa sjølve bibelen i
grunn-teksti, so kunde ein nok få sveiten ut, meinte han;
dette arbeidet leita og so mykje meir på helsa.

Daniel vart forundra. Men glad og; no visste han,
at han kunde bli både skulemeister og prest for den
skuld; djevelen fekk ikkje meir makt med han for det.
Tvert imot kunde han vel vita!

Han skyna dette um arbeidet no. Det var slitet med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free